På vegen 24/7! Det lokale alternativet.
Olsen Transport AS er eit transportfirma som blei etablert 10.08.1996, og held til på Raudeberg i Kinn Kommune. Bedrifta består av 9 ansatte, og tilbyr det meste innan gods- og varetransport. Dagleg leiar er Tore Olsen, som styrer firmaet saman med Gunnar Olsen og Ole Christian E. Olsen.
Vårt mål vil alltid være å kunne tilby den beste løysninga for våra kundar. Vi er løysningsorientert, og krav til kvalitet og presisjon skal være i fokus på alle oppdrag, små eller store. Olsen Transport har høge krav til sine ansatte og profilering av køyretøy. Vi er opptatt av sikkerheit langs vegen, og legger vekt på ein defensiv køyrestil! Alt i transport, 24 timers service!
Thermotransport:
Olsen Transport har fleire bilar som vi benytter til thermotransport, der vi køyre mykje lokalt med ferske og frosne produkt, då spesielt for fiskeindustrien. Vi har 3 semiar som kan lastast med gods som skal halde forskjellig temperatur.
Distribusjon:
Varer som kjem med Hurtigruta til Måløy, samt andre gods som kjem med båtar, utfører vi distribusjon. Vi distribuerer også varer for diverse samarbeidspartnarar som levera varer inn til vårt lager på Raudeberg.
Krokløft:
Vi køyre containerar med avfall i ulike størrelsar, både for industrien og private personar. Dersom det skulle være behov for flytting av diverse maskinar og utstyr.
Sidelaster:
Sidelaster kan brukast til å levere containerar direkte på bakkenivå utan rampe. Vi har sidelaster som blir benytta til transport av container, frå 20-40 fot og inntil 3m breidde.
Spesialtransport - Følgjebil/Express:
For diverse spesialoppdrag har vi åpentralle som gjer oss moglegheit til å køyre både breie- lange, og høge kolli. Vi har også erfaring med utanlandstransport ...
Dersom det er behov for følgjebil i forbindelse med spesialoppdrag, eller det dukkar på ein Express tur, har vi fleire varebilar som kan utføre denne tenesta.
Lager/Fraktmegling:
Vi kan tilby lagring av diverse gods, då vi disponera lager på ca. 600m3. det vil sei at vi har moglegheit til å lagre innandørs og utandørs, og for korttid- og langtidsleige.
Kranbil:
Vi eige 50% av Vågsøy Kran & Transport AS, som vil sei at vi har tilgang på kranbilar med hengar til alle typar transport som måtte krevje kran. Kranbilane har inntil 50 t/m kran, og har moglegheit til å bruke jibb.
SEND OSS EN DIREKTEMELDING